Kjære gitarvener,
Eg er på Laurdag 28. oktober klokka 20:20 deltakar i Dan Børge Akerøs Kjempesjansen på NRK.
Eg skal då gjennom ei personleg og "Rak"inspirert interpretasjon av vår kjære Recuerdos de la Alhambra freiste å presentere gitaren for eit publikum me som gitaristar vanlegvis ikkje når fram til.
Ei unik mogelegheit for meg, men i mine auge også ei flott mogelegheit for den klassiske gitaren i Noreg til å markere seg i beste sendetil på ein laurdagskveld.
For å gå vidare til ein eventuell semifinale treng eg imiddlertid dykkar hjelp.
Ein kan allereie no gå inn på linken under og finne meir informasjon om deltakinga mi.
Der får ein også informasjon om korleis ein kan stemme, noko ein kan byrje med allereie no.
Eg er svært takksam for den hjelpa eg måtte få!
http://www.nrk.no/programmer/tv/kjempesjansen/1.1172702d
Beste helsing Guttorm Storaas